Ny DR Vestlandet Nord

Mitt namn er Rune Urke og bor i Ulsteinvik. Eg er 64 år, er gift og har 3 vaksne barn som har flytta ut av reiret.

Eg arbeider som dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, som er eit selskap som driftar, reinheld og forvaltar alle bygga til Ulstein Kommune. Av tillitsverv så har eg vore forman i Ulstein og Hareid JFF dei siste 10 åra.

Eg planlegg no å redusere mitt engasjement i arbeidslivet, og drive meir med dei tinga eg likar aller best. Heile mitt liv har eg drive med fiske på sjø og ferskvatn. Frå eg var 14 år har eg drive med jakt på småvilt. Men i alle år så var eg støkkjeger etter orrfugl, rype og hare.

I 2007 hadde mitt søskenbarn Stig Røyseth kull på sin pointer. Han klarte å overtale meg til å kjøpe siste kvalpen i kullet. Etter dette vart det slutt på støkkjakt, så no er dette berre jakt med pointer som gjelder. Å jakte med fuglehund har heilt andre dimensjonar og gir meir gleder enn støkkjakt. Min første ponter var nok eit bra talent. Ho vart premiert både i uk og ak, men vart nok meir som ein første hund der det vart gjort mange feil, men eg fekk også mykje erfaring.

I 2013 kjøpte er pointer med Ole Frøland, og eg har halde meg til Kennel Jutevatnet etter den tid. Vi er ein gjeng som har glede av å ha pointer, og har det kjekt i lag på jakt, rypetaksering og på prøver. Ståle, og spesielt Ole har hatt suksess i VK, og dette er til inspirasjon for oss andre. Vi prøver også å få til gode jakthundar som kan prestere på prøver.

Her på nordvestlandet er det nokre erfarne pointerfolk som har fått gode resultat med sine hundar. Så er vi ein gjeng som ikkje har like mykje erfaring, men som også ønsker å få til gode resultat. Vi er heldige, fordi dei som har hatt suksess hjelper villig og gir råd til oss andre. Dette er kanskje beste måten å arbeide for pointeren på. Når fleire og fleire pointerar gjer det godt på prøver, så er det også fristande for andre å skaffe seg pointer.

Når eg no skal ta over som DR etter Ståle Lingås så håper og trur eg på god dialog med dei andre medlemane i regionen.

La oss alle håpe på eit godt år for småviltjakta, og for POINTEREN 2020!

 

Våre sponsorer